Norsk-russisk atomkommisjonsmøte gjennomført



Det årlege norsk-russiske atomkommisjonsmøtet vart heldt i St.Petersburg, Russland, 13. september. Frå norsk side vart møtet leia av statssekretær Torgeir Larsen i Utanriksdepartementet og frå russisk side av Oleg Krjukov, direktør i det russiske atombyrået Rosatom. Statens strålevern ved blant anna direktør Ole Harbitz deltok på møtet.

På møta vert norsk-russiske prosjekt på atomtryggleikssida gått gjennom. Disse prosjekta inngår i atomhandlingsplanen til regjeringa og vert leia av Utanriksdepartementet. Strålevernet har frå mai i år overtatt tilskotsforvaltinga i handlingsplanen.

På atomkommisjonsmøtet i år var det spesielt fokus på dumping av radioaktivt materiale i Karahavet og prosedyrar for varsling av atomhendingar. Status til det pågåande norsk-russiske toktet til Karahavet, der radioaktiv forureinig ved dumpa objekt, vart gått gjennom. Vidare var semje om å ferdigstille varslingsprosedyrar ved atomhendingar og gjennomføre ei øving av disse prosedyrane så snart som mogleg.