Statssekretær Lahnstein besøkte Strålevernet

Statssekretær Erik Lahnstein, UD, besøkte Strålevernet måndag 15. februar. Lahnstein fikk ei innføring i det arbeidet Strålevernet gjer i Russland og som fell innunder Regjeringa sin handlingsplan for atomverksemd og miljø i nordområda. Det vart blant anna orientert om internasjonale og bilaterale prosjekt Noreg er ein del av, samarbeidet Noreg har med russiske tilsynsmyndigheiter og beredskapssamarbeidet med Russland.
Regjeringa sin handlingsplan for atomverksemd og miljø i nordområda er den viktigaste styringsreiskapen til norske styresmakter i atomsikkerheitssamarbeidet Noreg har med Russland. Handlingsplanen vert leia og finansiert av Utanriksdepartementet. For gjennomføring av handlingsplanen er Statens strålevern fagdirektorat for UD.

Noreg har vore og er involvert i fleire prosjekt som er med å redusere risikoen for radioaktive utslepp i Nordvest-Russland, blant anna: opphogging av atomubåtar, rehabilitering av basar i Andrejev og Gremikha, fjerning av radioaktive batteri i fyrlykter og tiltak for sikrare drift ved kjernekraftverk. Noreg og Strålevernet har vidare eit omfattande samarbeid med russiske tilsynsmyndigheiter, og medverkar dermed til å betra forvaltninga på områda miljøvern, strålevern og atomsikkerheit i Russland. Samarbeidet skal medverke til å ta vare på omsynet til helse, miljø og sikkerheit.