Noreg og Sverige samarbeider om å fjerne russiske radioaktive kjelder i fyrlykter frå Østersjøområdet
Noreg og Sverige har underteikna ein avtale om å samarbeide med Russland om fjerning av radioaktive batteri i fyrlykter i Østersjøen. Dette nordiske samarbeidet med Russland er kome i stand etter initiativ frå Noreg.

Avtalen vart underteikna måndag 20. september av Generaldirektør Ann-Louise Eksborg, Strålsäkerhetsmyndigheten, og ambassadør Anne Lund i Stockholm.

I den russiske delen av Østersjøen er det totalt 87 fyrlykter med radioaktive strontiumbatteri. Arbeidet med å fjerne disse og erstatte dei med solcellepenel, er alt i gang. Noreg, Finland og Sverige skal saman med Russland fjerne 71 radioaktive strontiumbatteri, medan Frankrike og Russland har planar om å fjerne dei 16 andre.

Fyrlyktsamarbeidet inngår i det norsk-russiske atomsikringssamarbeidet. Fylkesmannen i Finmark er prosjektansvarlig på norsk side. For gjennomføring av prosjektet er Statens strålevern fagdirektorat for (det norske) Utenriksdepartementet.

Les meir på nettsida til Noreg si ambassade i Stockholm.