Handlingsplan for atomverksemd og miljø i nordområda

Regjeringa sin handlingsplan for atomverksemd og miljø i nordområda er den viktigaste styringsreiskapen til norske styresmakter i atomsikkerheitssamarbeidet Noreg har med Russland. Handlingsplanen vert leia og finansiert av Utanriksdepartementet. For gjennomføring av handlingsplanen er Statens strålevern fagdirektorat for UD.

Noreg har vore og er involvert i fleire prosjekt som er med å redusere risikoen for radioaktive utslepp i Nordvest-Russland, blant anna: opphogging av atomubåtar, sikring av radioaktivt avfall i Andrejevbukta, fjerning av radioaktive kilder brukt i fyrlykter og tiltak for sikrare drift ved kjernekraftverk. Strålevernet har vidare eit omfattande samarbeid med russiske tilsyns- og beredskapsmyndigheiter, og medverkar dermed til å betra forvaltninga på områda miljøvern, strålevern og atomsikkerheit i Russland. Samarbeidet skal medverke til å ta vare på omsynet til helse, miljø og sikkerheit.